Bryggeri

Kinn Bryggeri

Kinn Bryggeri vart starta opp i 2009 av heimebryggjaren og ølentusiasten Espen Lothe, og lager ei rikt utval av smaksrike øl i engelsk og belgisk stil. Mottoet til bryggeriet er "Vi gjer det på gamlemåten". Gamle handverksteknikkar, som open gjæring og flaskemodning er viktige for oss. Ingen av våre øl blir pasteuriserte eller filtrerte, og alt blir produsert på våre to bryggeri i Florø.

Tilbyr
  • Omvising og ølsmaking for grupper heile året.
  • Omvising og ølsmaking onsdagar og fredagar frå medio juni til medio august på ølkafèen Vesle Kinn.