Overnatting

Flåmsbrygga Hotell

Flåmsbrygga Hotell ligg idyllisk til på hamna i Flåm i nærleiken av alle transportruter, aktivitetar, butikkar og restaurantar - men framleis stille og fredfullt med fantastisk utsyn over fjorden. Flåmsbrygga er lite og intimt med ein særprega stil – både tradisjonell og rustikk, men samstundes moderne og delikat. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas. Flåmsbrygga er eit tun med tre bygningar. Her er hotellrom i to bygg, møterom, Flåmstova Restaurant, Furukroa Kafé samt Ægir BryggeriPub i same tun. Flåmsbrygga ligg idéelt til for aktivitetar og utflukter året rundt og har ei rekke pakkar og aktivitetar tilgjengeleg. Alle bygg i tunet er røykfrie, og det er eigen røykepaviljong i hagen.