Bryggeri
Ægir Bryggeri
Ægir Bryggeri ligg i vakre Flåm inst i Sognefjorden. Ægir vert omtala som hærskaren av havet i Norrøn mytologi, og i følgje Odin bryggja han det beste ølet. Med Ægir og den Norrøne mytologien som inspirasjon, vart Ægir Bryggeri utvikla med tilhøyrande skjenkestove i 2007. Ægir ølet er i verdsklasse, og har fått både gull- sølv- og bronsemedaljar i «VM». Det heile starta med øl, men stoppa ikkje der - Ægir har også sin eigen akevitt!