Matopplevingar

Vesle Kinn

Vesle Kinn er både ølkaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. Du finn Vesle Kinn i hjartet av Strandgata i Florø. I bakre delen av lokalet har dei det vesle bryggeriet der dei prøver ut nye råvarer og oppskrifter, og dei driv med lagring på franske eiketønner. Frå midten av juni til midten av august, og elles av året på førespurnad, så kan du bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn. Her får ein komme inn i bryggerilokalet, sjå på utstyret ein bryggjar med, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri.

Tilbyr
  • OMVISING OG ØLSMAKING
  • 28. juni – 17. august. Resten av året på førespurnad.
  • Onsdag: 17.00
  • Fredag: 15.00
  • Pris: 295,- per person.
  • Det er mogleg å bestille omvising og ølsmaking for grupper gjennom heile året.