Overnatting

Kviknes Hotel

Kviknes Hotel i Balestrand ligg vakkert plassert ved Sognefjorden. Familien Kvikne har hatt vertskapsrolla sidan 1877. Hotellet vart reist i sveitserstil. Mange nybyggingar, ombyggingar og utvidingar har ikkje gått ut over særpreget til staden. Kviknes er i dag eit moderne hotell med sjel og atmosfære. Med sine 190 rom er Kviknes eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i Noreg. Hotellet har gjennom fleire generasjonar samla ei mengde kunstverk og klenodium. Dette pregar hotellet og gjev det sin spesielle stil.