Bryggeri

Ciderhuset

Ciderhuset ligg i den idylliske bygda Balestrand i Sogn, kun ein kort spasertur frå kaia der ekspressbåten legg til og historiske Kviknes Hotell. Her vert det laga eplecider, dessertvinar og fruktbrennevin av frukt frå eigen hage. Balholm er merket vårt for drikke av frukt og bær – laga med ein stor porsjon lidenskap! På sommaren kan du bli med på cidersmaking og lære korleis vi destillerer eller lagar musserande cider på den tradisjonelle måten. Du kan handle i gardsbutikken eller ta eit måltid i restauranten. Vi tek imot grupper heile året til lunsj eller middag, formidling om cider og frukt eller kulturvandring, faglege opplegg og teambygging eller anna moro.

Tilbyr
  • Omvising og smaking for grupper heile året.
  • Presentasjon og smaking mandag - lørdag, kl. 13 og 16, frå 20. mai - 20. september.