Matopplevingar

Ægir BryggeriPub

Ægir Bryggeri ligg i vakre Flåm inst i Sognefjorden. Ægir vert omtala som hærskaren av havet i Norrøn mytologi, og i følgje Odin bryggja han det beste ølet. Med Ægir og den Norrøne mytologien som inspirasjon, vart Ægir Bryggeri utvikla med tilhøyrande skjenkestove i 2007. Ægir ølet er i verdsklasse, og har fått både gull- sølv- og bronsemedaljar i «VM». Det heile starta med øl, men stoppa ikkje der - Ægir har også sin eigen akevitt! I Flåm kan du besøkje Ægir BryggeriPub - ein av dei store attraksjonane i området. Utvendig minner bygget om ei stavkyrkje, og inne kjenner du varmen frå den 9 meter høge peisen, omkransa av dragehovud og veggar prega av drivved. I første etasje finn du puben, medan andre etasje er restaurant.